Stiftingsstyret som fekk på plass pakteavtalen med det tyske ekteparet Ronald og Viola Krüger for to år sidan, seier at dei er skuffa og føler seg lurte av forpaktarane som ikkje har følgt opp det som var avtalen.
— Me hadde ein veldig positiv og optimistisk tone i forhandlingane med Krüger, og trudde på det økologiske konseptet som dei presesenterte, fortel Lars Øyre som då var styreleiar for Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling som eig den tidlegare jordbruksskulegarden på Tesdal i Etne.
I dag er det tidlegare styret skuffa, og seier at dei ikkje ser nokon teikn til førebuingar for vidare oppgradering i tråd med avtalen. Gjødselkjellaren er ikkje utbetra, og viljen til det er ikkje til stades, meiner styrerepresentantane frå 2007.
— Det synest for oss at konfliktsøkjande er stikkordet, og ikkje løysingsorienterande samarbeid, kjem det frå det tidlegare Tesdalstyret.
Les meir om Tesdal-saka i torsdagens Grannar