Betongdekket mellom fjøset og gjødselkjellaren og låvebrua er utrygt og kan rasa saman kva tid som helst, konkluderer Arbeidstilsynet og Mattilsynet i ein felles rapport som blei ferdig denne veka.
— Det er så stor fare for at det kan skje ulukker her, at me kan ikkje la drifta fortsetja slik som det er nå, seier juridisk rådgivar Kjersti Marie Gjerd ved Arbeidstilsynet sitt kontor i Haugesund.
Kort tid
Fjøset må tømmast innan tysdag, og dei tyske forpaktarane opplever situasjonen som håplaus.
— Eg har ikkje peiling på kva eg skal gjera med dyra. Det er vanskeleg når me har så kort tidsfrist, kjem det oppgitt frå Ronald Krüger.
Les meir om saka i torsdagsavisa.