— Eg har fått fleire breiflabbar før, men aldri noko så stort, fortel Ole Villiam Birkenes (23).
På onsdag drog han opp garn som han ofte pleier saman med onkelen Johnny Birkenes utanfor Kampaholmen ved Dreganeset i Ølen. Breiflabb i garnet er ikkje uvanleg men denne dagen var det eit sjødyr av unormale dimensjonar som hadde sett seg fast i garnet hjå Birkenes.
Frå 60-70 meters djupne drog han opp ein breiflabb på heile 38,5 kilo.
— Eg lurte litt på kva det var eg drog opp, men fekk etter kvart lempa den sløve fisken oppi båten, og måtte trilla han heim i trillebår. Familien lurte litt då eg kom med ein breiflabb oppi der, ja, fortel 23-åringen.
Birkenes pleier setja ut garn kvar vinter, men denne blei historisk. Fisken blei naturleg nok vege og funnen tung nok, før Birkenes lot kokkane på Fugl Fønix Hotell overta fisekruggen, til ein verdig kilopris.
— Dette er jo luksusmat, og verken eg eller andre heime ville setja i gang å laga middag av han. Så eg får vel ta eit fiskemåltid på Fønix snart, ler Birkenes.
Det 38,5 kilo tunge beistet måtte trillast heim i trillevogn.
Foto: Privat