Det blir tett mellom dei norske slagerane frå konsertscena på Etnemarknaden i august. Madcon, Hellbillies og Postgirobygget er nokre av trekkplastera dette året.
— Eg trur me har klart å skaffa populære namn dette året. Det er variert og artistar av god kvalitet, seier dagleg leiar i Etnemarknaden, Vidar Lund til Grannar.
På torsdagen blir den offisielle opninga og markeringa av 30-årsjubileumet etterfølgd av Harrys Gym med etnebuen Anne-Lise Frøkedal i spissen.
Både fredag og laurdag blir det to konsertar på meieriplassen.
På fredag blir det dobbelt opp av norsk bygderock. Hellbillies måtte avlysa konserten sin på Etnemarknaden i fjor, men ville ikkje skuffa publikumet dette året. Dei tar seg av konserten første halvdel av fredagskvelden, før dei lokale heltane i Pakkers tar kvelden vidare.
På laurdag er det nok ein gong dobbelt opp av norsk popmusikk; Postgirobygget opnar showet, før rapparane i Madcon overtar scena siste halvdel på laurdagskvelden.
Kritikarroste Susanne Sundfør med band avsluttar årets Etnemarknad på søndagen.
Susanne Sundfør (t.v.) avsluttar årets Etnemarknad, medan Madcon stiller til show på laurdagskvelden.
Les meir i papirutgåva av Grannar torsdag