Norges Bank er klar for årets første rentemøte i år, og ei ny undersøking gjort for DnB NOR viser at ni av ti bedrifter i Hordaland trur det blir renteoppgang i år. Ekspertane tvilar.
– Det har vore rekordlåge renter i lang tid, men nå meiner bedriftene at tida for renteauke har kome. Før rentemøtet seier 96 prosent av bedriftsleiarane i Hordaland at dei reknar med at renta vil auka i år, medan fire prosent trur den blir uendra, seier Katrine Trovik, divisjonsdirektør for DnB NOR i Hordaland.
I ei fersk undersøking gjennomført av Sentio for DnB NOR, blei norske bedriftsleiarar spurde om korleis dei trur renta vil utvikla seg utover 2010.
Akershus og Hordaland er fylka kor flest bedrifter er sikre på renteoppgang, medan Rogaland og Finnmark er dei einaste fylka kor over ti prosent av bedriftene ventar uenda rente.
De fleste privatpersonar i Hordaland reknar også med at det blir renteauke i år, men dei søv likevel godt om natta. To av tre nordmenn er overhovudet ikkje bekymra for renteutviklinga i år.
Ekspertane i Noreg har ulikt syn på kva som skje på onsdagens rentemøte. Sjefsøkonom Knut Anton Mork i Handelsbanken er blant dei mange som trur at sentralbanksjef Svein Gjedrem ikkje hevar renta i denne omgangen.