Ukjend fiskefangst

Johannes N. Markhus fekk noko å lura på då han drog opp garnet frå sjøen […]

Johannes N. Markhus fekk noko å lura på då han drog opp garnet frå sjøen ved Teigland på torsdag.

Den ein meter lange fiskefangsten hang i garnet og saug seg fast i båten etter at Markhus drog det oppi.
— Eg har fått ein del rare ting i garnet gjennom tidene, men noko slikt har eg aldri sett før, seier Markus, som håpar nokon veit kva type sjødyr det var han fekk i garnet.

Det uvanlege sjødyret var ein meter lang, med to fangarmar på om lag 70 cm. Det hadde sugekoppar under armane, og var ikkje berre lett å få ut av båten, då Markhus skulle kasta det på sjøen att.
— Eg heiv det tilbake att i sjøen, men det saug seg først fast då det låg i båten. Det kan jo minna om ein slags blekksprut, men verken eg eller andre eg har snakka med har sett liknande før, fortel Markhus.