Dårlegare for SKL

Etter ei årsomsetning på 903 millionar kroner, fekk konsernet Sunnhordland Kraftlag (SKL) i 2009 eit […]

Etter ei årsomsetning på 903 millionar kroner, fekk konsernet Sunnhordland Kraftlag (SKL) i 2009 eit resultat etter skatt på 185 millionar. Resultatet er 81,6 millionar lågare enn året før. 

Driftsresultatet i fjor vart 410 millionar (568 året før). Resultatet før skatt vart 395 millionar (550), skriv selskapet i ei pressemelding.  

Skattekostnaden for 2009 er rekna til 210 millionar (283).  

Drifta gav eit resultat som var 168 millionar lågare enn i 2008. Hovudårsaka er lågare dekningsbidrag frå kraftproduksjonen som fylgje av noko lågare produksjon og betydeleg lågare pris.

Utbytte

Nesten 139 millionar kroner føreslår styret skal betalast tilbale til eigarane. Storaksjonær Haugaland Kraft ligg dermed an til å få 56,28 millionar kroner inn på konto, medan Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) får 3,57 millionar. 

Av driftsresultatet på 410 mill kr, kjem 370 mill kr frå kraftproduksjonen. Samla kraftproduksjonen i 2009 var 1802 GWh, som er 11 prosent over eit midlare år. 

Gjennomsnittleg systempris på kraftbørsen Nordpool var 30,6  øre per kWh, mot  36,9  øre per kWh året før. 

Nye forretningsområde

SKL har eit omfattande sentral- og regionalnett i Sunnhordland og på Haugalandet, samt eit distribusjonsnett i Stord kommune. Dette er det nest største forretningsområdet i konsernet. 

– Dei nye forretningsområda breiband, naturgass og småkraft er i positiv utvikling, og dei er møtt med stor interesse i marknaden. Breiband har fin vekst og gode resultat. For naturgass er SKL 

godt i gang med å få distribusjonsnettet i jorda. SKL sitt småkraftengasjement har ei omfattande kontraktsportefølje med samla produksjonspotensiale på over 300 GWh, melder selskapet.

SKL si vindsatsing skjer igjennom Vestavind Kraft AS og det nystifta selskapet Vestavind  Offshore AS.