Klar for femmila i Holmenkollen

  Noregs Skiforbund tok måndag ut løparar til det første langrennet i Holmenkolllen etter ombygginga. […]

Noregs Skiforbund tok måndag ut løparar til det første langrennet i Holmenkolllen etter ombygginga. Ein av desse er sandeidguten Thomas Vestbø. Løpet er ein del av prøve-VM.

Det dreier seg om den tradisjonsrike femmila, som denne gong går i fri teknikk. 21-åringen som representerer Vindafjord IL, er ein ti som er tatt ut i nasjonal gruppe, melder langrenn.com.

Løpet går laurdag der Petter Northug jr. og 18 andre løparar skal representera dei norske fargane. Femmila inngår i verdscupen og er det siste innan fri teknikk før neste års VM.

Les Thomas Vestbø sin kommmentar i papirutgåva torsdag.