Klokka 16.30 onsdag ettermiddag fekk politiet melding om ein samanstøyt mellom ein personbil og ein brøytebil på riksveg 543 i Vindafjord.
Kollisjonen hadde skjedd mellom Lunde og Vaka, og den kvinnelege bilføraren blei tatt med til legevakt for sjekk. Ho hadde lettare skader etter samanstøyten, elles var det kun materielle skader.