Køyrde i fjellveggen

  Klokka 20.15 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Isvik i Skjold. Ein personbil […]

Klokka 20.15 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Isvik i Skjold. Ein personbil hadde køyrt inn i fjellveggen på austsida av tunnelen på E134.

Bilføraren, ein mann på 18 år, og passasjeren som var ei 17 år gammal jente, blei begge frakta med ambulanse til sjukehuset i Haugesund. Det skal ikkje vera snakk om alvorleg skade, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Sørensen.

— Spor på staden viste at bilen kom austfrå, og omlag 40-50 meter før tunnelen fekk han skrens i samband med ei forbikøyring. Bilen sklei då inn i autovernet, heilt til han traff tunnelopninga. Bilen fekk store skader i fronten, melder Sørensen.