Søndag klokka 11.30 fekk politiet melding om ein båt som låg delvis nedsøkkt i Breivik ved Skånevik.
Ein eldre fiskebåt i dårleg forfatning på rundt 35 fot hadde kraftig slagside og tatt inn ein del vatn. Det var ingenting som tyda på at det hadde vore folk i båten.
Politiet ser det som sannsynleg at båten har slite seg frå ei brygge eller ein kai i nærområdet.
Lokalt hjelpemannskap vil prøva å få sikra båten, og politiet ønskjer å komma i kontakt med eigaren.