Dei to partane er enno berre i ein tideleg fase, men truleg vil det føreliggja ei avklaring kring påske. Sidan Rema 1000 flytte ut av Meieriplassen kjøpesenter på slutten av 2006, har næringslokala stått tomme.
Det er det haugesundsbaserte eigedomsselskapet Totalinvest AS som eig bygget, og det har vore ein svært tøff marknad for å få ny ktivitet inn i meieriet att, fortel Einar Hauge i Total Invest AS.
— Me har alltid sett på Meieriet som eit handelsbygg. Likevel har me i løpet av dei siste åra vurdert ulike alternativ for lokala, mellom anna som kontorbygg eller for skule. Me vil prøva å få handel inn att, og Bunnpris er ein ideell kandidat for bygget, seier Hauge.
Bunnpris-kjeda har 204 butikkar landet ovr, og etablerer nå stadig fleire på Vestlandet. Konsernet hadde nærare 2,4 milliardar kroner i omsetning i 2008.
Les meir i papirutgåva av Grannar i dag!