— Leigeavtalen var sagt opp og det var heilt avgjerande for oss å ha ein avtale tilsvarande den vi hadde for å kunne drive vidare. Marginane er små og auken var så stor at vi ikkje fann det forsvarleg å halde fram. No er vi heldigvis blitt samde med huseigaren, seier Arne Carsten Baardsen (68).
Den nye avtalen med eigaren av bankbygningen, Isvik Helse AS, går ut på å fryse den gamle leigeavtalen i to år framover. I staden for å avslutte i løpet av denne månaden, går difor Baardsen i gang med nytt pågangsmot.
Kontakta av mange
— Huseigaren ønskte at vi skulle halde fram med kafeen, så eg trur det er ei god løysing for begge partar. Det er mange som har kontakta oss etter at det vart kjent at vi ville, seier Baardsen.
Han har både fått postkort, telefonar og direkte tilbakemeldingar frå gjester som syntest det var synd at han skulle slutte av. Baardsen vil drive kafé med k og lager maten frå grunnen av, og det set middagsgjestene pris på.
— Vi har gjester frå Stord som tar ein avstikkar til Skjold når dei er i Haugesund. Det er difor ikkje berre folk i Skjold som ønskte av vi skulle drive vidare, seier kaféverten.
Fleire bein
Det er ganske snart eitt år sidan Baardsen overtok kafeen som tidlegare heitte Rosa Kro. Pensjonisten er full av pågangsmot og var langt frå innstilt på at det skulle bli det siste måltidet på kafeen ved utgangen av denne månaden.
— Eg har på ingen måte lyst til å leggje inn årene. Eg er sprek og frisk og er ikkje blant dei som sit mest framfor TV-en eller sofaen. Ikkje har eg hus og hage eg har ansvar for, seier kokken som har hatt yrkeskarrieren sin i Stavanger.
Han er også i dialog med Skjold bygdehus og eit selskapslokale i Haugesund med tanke på leveranse av mat under tilstellingar. Eit liknande samarbeid kan det bli med huseigar Isvik Helse AS som har laga seg til med møte- og selskapslokale.