Me skriv mars, og trass solid vinter med frost og snø, har dei første vårteikna begynt å melda seg.
På skituren tidleg denne veka trefte Bente Kjos-Wenjum på denne karen i Imsland. Hoggormen låg midt i skiløypa bak Byrkjeland. Stiv og treg var han, men det var absolutt liv i den, melder Kjos Wenjum på den nye nettstaden i krinsen http://www.imsland.info.
Korleis hoggormen har funne på å leggja seg midt i sporet, langt frå næraste solbakke og med kuldegrader i lufta, er det fleire enn turgåaren som lurer på. Grannar har også rapportar om snøklokker og at staren er i gang med å byggja reir.
Grannar ønskjer at lesarane sender inn sine vårteikn til redaksjonen. Tips oss eller send bilde av vårteikna til redaksjon@grannar.no eller på MMS til tif.: 975 70 789.