Skakke i boks

Kari Aakra Byggjestart er på overtid, men nyleg kom den aller siste biten på plass […]

Kari Aakra

Byggjestart er på overtid, men nyleg kom den aller siste biten på plass i finansieringa for Skakkesenteret. Etne Kulturhus BA sin del av bygget hadde behov for eitt byggjelån på 42 millionar, og denne delen har til nå halde byggjestarten på vent.

— Etne Sparebank har saman med Haugesund Sparebank og Skudenes & Aakra Sparebank stilt med finansieringsmodellen, seier banksjef i Etne Sparebank,  Rune Ramsvik. 

Første arbeidsdag etter påske er det Skakke-start, men truleg vil ikkje bygget stå klart til skulestart 2011, seier styreleiar i Etne kulturhus BA, Nils Halleland.

—  Det kan bli vanskeleg å få Skakke ferdig til skulestart 2011, men me satsar på at det i alle fall kan bli innflytting ved juletider det året. Eigedomsavdelinga i fylkeskommunen ber heller om at det skal byggjast i planlagt tempo for å få bygget heilt i stand, og ikkje la hastverket prega bygginga og kostnadsbildet, seier Halleland til Grannar.

Les meir i papiravisa