— Om lag 90 prosent av andelseigarane i Etne elveeigarlag var representerte på møtet i går, og berre ein av desse stemde mot stenginga, seier leiar i elveeigarlaget, Vidar Børretzen.
Fiskebestanden i Etneelva har gått jamt nedover dei siste åra. Lakselus og rømt oppdrettslaks har råka elva, og fjorårssesongen viste ei halvering av fiskebestanden samanlikna med 2008. Også berre halvparten av gytebestanden blei nådd, og prognosane for kommande år er endå svakare.
Situasjonen er blitt så kritisk at det på årsmøtet i går berre var to alternativ. Anten full stenging av elva, eller fiskestart 1. juni før ei evaluering to veker seinare. Eit overveldande fleirtal sa ja til full stenging dette året.
For å sikra gytebestanden og ei berekraftig utvikling av fisken i Etneelva, var dette eitt naudsynt tiltak, seier Børretzen.
— Vanlegvis er det fylkesmannen som avgjer å stengja elvar slik som dette. Det som er uvanleg her er at Etneelva har ei lokalt drifta forvalting som har tatt denne avgjerda. Det var eit modig vedtak og ei rett beslutning. Nå er det full fokus på villaksen framover, seier han.
Dette er også eit klart signal til styresmakter og oppdrettsnæring, seier Børretzen.
— Nå krev me at det blir rydda opp og at oppdrettsnæringa bidrar til å redda fisken i elvane våre.