Svært høg søkning

Ivar Teigland   Dei siste åra har prognoseinntaket for den vidaregåande skulen i Etne lege […]

Ivar Teigland

Dei siste åra har prognoseinntaket for den vidaregåande skulen i Etne lege på rundt 50 elevar. I år er det 88 elevar som har denne skulen på førsteplass.

— Dette er heilt ekstraordinært. Me har nå fulle klassar og ventelister ved fleire utdanningsprogram, fortel rektor Marion Kallevik ved Etne vidaregåande skule.

70 av søkarane er frå Hordaland, mens det er ni frå Rogaland og ni frå andre fylke.

— Dette er fantastisk gode tal for oss, for me pleier å få omlag ein tredjedel fleire elevar enn prognosen viser, opplyser Kallevik.

Oppgang i Ølen

80 elevar går i dag på den vidaregåande skulen i Etne, og skulen har kapasitet til å ta imot 101 elevar. Neste skuleår kan det bli fullt.

— Me får eit større miljø ved skulen, og dette kan gi oss høve til å tilsetja fleire lærarar, kjem det frå ein oppglødd rektor.

Også ved den vidaregåande skulen i Ølen ser det bra ut. 219 primærsøkarar er ein tydeleg oppgang i forhold til i fjor, og elektrolinja blir oppretthalden.

— Me har fått 20 søkarar til Vg1 Elektrofag, og kan ta inn 15 av desse, fortel rektor Ruth Sæle ved Ølen vidaregåande skule.

Første året på Restaurant- og matfag er òg eit tilbod som har hatt lite søkning dei siste åra, men i år er det på veg opp igjen.

— Ni elevar har søkt, men me har plass til tolv, opplyser Sæle.

Oversøking

For Helse- og sosialfag Vg1 og Bygg- og anleggsteknikk Vg2 har det vore oversøking. 156 av dei 219 søkarane kjem frå Vindafjord og andre rogalandskommunar, mens det er 63 søkarar frå Etne.

— I dag er det 210 elevar ved skulen, så dette ser veldig bra ut, meiner rektoren.

Det er plass til totalt 238 elevar ved Ølen vidaregåande skule.

Lundeneset VGS i Ølensvåg har dei fleste søkarane sine frå andre deler av landet, men også her er det stor søkning. 391 elevar har søkt på dei 180 plassane skulen kan tilby, men det er likevel 65 færre enn i fjor.

Rektor Gustav Løge Fosse er godt nøgd med søkartala.

— Det er positivt med oversøking, men samtidig er det trist å ikkje kunne tilby plass til mange som har eit stort ønske om å begynna på skulen vår, seier han til skulen si eiga nettside.

Han uroar seg ikkje over nedgangen i søkartalet dette året, og trur det berre handlar om naturleg variasjon.