Trua med kniv under innbrot

Det var kl 03.14 natt til onsdag at den forretningsdrivande ved Sommerturisten i Vikedal meldte […]

Det var kl 03.14 natt til onsdag at den forretningsdrivande ved Sommerturisten i Vikedal meldte til politiet at fire personar hadde brote seg inn på serveringsstaden hans i sentrum. Politiet opplyser at det bli brukt kniv for å trua familien/innehavarane som kom til staden. Ingen blei skada.

To av gjerningspersonane blei rask innhenta av sivile etter at dei rømte frå staden. Dei to andre blei på morgonkvisten pågripne i eit hus i Vikedal. Truleg har dei brote seg inn i ei hytte også etter innbrotet i sentrum.

Dei fire gjerningsmennene er frå distriktet og i byrjinga av 20-åra .