— Ver obs på seljarar

Politiet har den siste tida fått ei rekkje meldingar om pågåande seljarar. Det er utanlandske […]

Politiet har den siste tida fått ei rekkje meldingar om pågåande seljarar. Det er utanlandske «døvstumme» som bankar på dørene i distriktet og vil selja mellom anna trefigurar til folk.

— Folk må vera obs på desse seljarane som har byrja oppføra seg aggressivt i det siste. Dei byrjar også å kikka inn i garasjane til folk, fortel lensmann Ingvar Gjærde.

Han har fått meldingar om aggressive seljarar frå innbyggjarar i Sandeid og Ølen, men seier dei beveger seg mange stader i distriktet. Politiet har også fått meldingar frå folk i Sauda om dei pågåande seljarane.