Tysdags morgon fekk politiet inn melding om at nokon i løpet av natta hadde tatt seg inn gjennom eit ope vindauga i butikken Søstrene Lye i Etne og stole kasseapparatet som inneheldt eit par tusen kroner. Operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at etterforsking kombinert med lokal kunnskap førte politipatruljen som rykka ut til pågriping av ein mann i slutten av tenåra. Mannen sit i varetekt i påvente av avhøyr og ytterlegare etterforsking.