Skribenten etterlyser ein meir offensiv mediepolitikk for å bevara mangfaldet, språket og demokratiet.
Illustrasjonsfoto
Skribenten etterlyser ein meir offensiv mediepolitikk for å bevara mangfaldet, språket og demokratiet. Illustrasjonsfoto

Lokalavisa inn i framtida

Diskusjonen om betaling for journalistikk på nett er i full gang.

Grannar.no har denne veka presentert seg i ny drakt. Friskare design, betre presentasjon og ein del nytt innhald – tilpassa den nye elektroniske kvardagen. Dette er hovudingrediensane i vår satsing på den nye utgåva av nettavisa. Me har jakta på ein betre måte å presentera oss på internett, og har funne ei løysing som me meiner vil gi nettavisa eit etterlengta løft.

La det vera sagt med ein gong; papiravisa er framleis Grannar sitt hovudprodukt. For halvtanna år sidan gjorde me eit tilsvarande løft av det tradisjonelle produktet som i 2013 rundar 40 år.

Skal du få med deg stort og smått av det som skjer i kommunane Vindafjord og Etne, må du abonnera eller kjøpa lokalavisa. Grannar.no er eit supplement, som også gir oss høve til å vera aktuelle og raskt ute med visse nyhende. Det aller meste av nytt, reportasjar, siste frå lokalpolitikk, næringsliv, kultur, sport, leiarar, lesarinnlegg, eksklusive kåseri etc. får du berre om du les Grannar på papir eller som elektronisk avis. Journalistikk kostar pengar og ingen sunn bedrift deler ut sine produkt gratis.

 

Situasjonen for norske aviser er under sterk endring. Få konsern kontrollerer det meste av titlane, opplaga raser nedover og annonseinntektene minkar. Sosiale medium har fått ein større plass hjå folk flest. Lesevanane endrar seg. Dei store aviskonserna tyr til dramatiske kutt i bemanninga for å halda på marginane når inntektene sviktar. Det fører til at det blir færre journalistar til å laga innhald med kvalitet. Trykkinga blir samordna og gir til dårlegare deadline.

Også småavisene opplever svikt i inntektene. Grannar og dei andre uavhengige mindre abonnementsaviser må levera gode resultat og ha sunn økonomi for vera levedyktige. Utan lokal patriotisme og sans for å bruka lokalavisa aktivt blant innbyggjarar og næringsliv, blir det vanskeleg. Om kravet til overskot og utbytte ikkje er like tøffe som hos konsernavisene, lever me under dei same økonomiske lovene.

Sterk satsing på nettet er ein av grunnane til at færre kjøper papiravisa. Dei store avisene har bygd opp eigne nettredaksjonar og tilbyr eit rikt innhald utan at lesarane treng betala. Grannar har valt ein annan profil; me er forsiktige med legga ut mange saker. Slik vil det framleis vera – enn så lenge. Betaling for å få tilgang til innhaldet i nettaviser er i sine spede start, og Grannar fylgjer denne utviklinga nøye. Også dei store mediehusa vil på eit tidspunkt, enten dei ynskjer det eller ei, måtta innrømma at også god journalistikk på nett, ikkje kan vera gratis.

journalistikk kostar pengar og ingen sunn bedrift deler ut sine produkt gratis

Kvifor denne nysatsinga?, er då eit relevant spørsmål. Nettet som formidlingsmedium er kome for å bli, og Grannar vil vera med på denne reisa. Nye grannar.no har tatt høgde for at stadig fleire er på nettet via mobile einingar, og difor har me nå tilpassa oss brukarar av nettbrett og smarttelefonar. Den nye løysinga gir oss dessutan sjansen til å vera raskare med å få nyhendet ut til lesarane. Og det er lagt betre til rette for annonsørar med mål om å få kompensert litt for tapet av tradisjonell annonsering.

Me ynskjer å ha ein sterk lokal portal der folk med tilknyting til våre to kommunar, enkelt kan få informasjon når sirene uler, når vegen er stengt, om viktige hendingar som ikkje kan venta til papiravisa kjem ut, og litt service. Her finn du også viktige og nyttige lokale lenkjer, vêrmelding, nyhende frå ander aviser og tv-program.

Som ei lita og uavhengig avis har Grannar valt å gå i eit samarbeid med andre lokalaviser for å få ned kostnaden både på utvikling og drift av nettavisa. I dag har me rundt 20.000 brukarar i veka, nesten halvparten av desse er unike. Dette er gode tal som gjer at grannar.no vil vera svært attraktiv å bruka. Me trur også at den nye og moderne nettbunaden vil auka trafikken ytterlegare.

Eg har god tru på at du som lesar og annonsør vil lika den nye nettavisa vår, og samstundes eit sterkt ynskje om at du held fram som abonnent av avisa i papir eller elektronisk format, og brukar lokalavisa når butikken, bedrifta eller laget ditt skal marknadsføra seg.

Send meg gjerne kommentar på e-post til arne.frokedal@grannar.no !