Stal pengar

Natt til tysdag braut uvedkomande opp eit vindauge og tok seg inn i ei bedrift på Tongane i Etne. — Det vart stole eit mindre pengebeløp, opplyser politioverbetjent Arild Austrheim, og legg til at politiet førebels ikkje veit kven som står bak ugjerninga.