Ingen kom til skade då ein trailer kom for langt ut mot vegkanten og tippa inn mot fjellveggen på Rv 46 ved Opsalsneset nord for Vikedal rund kl 18.00 måndag.
Naboar opplevde trafikkuhellet som eit toresbrak. Den dramatiske situasjonen oppstod då to lastebilar møttest på den smale vegen.
Folk som bur i området har opplevd mange tilsvarande situasjonar og fryktar at det berre er eit tidsspørsmål før det blir eit alvorleg uhell. Riksvegen mellom Vikedal og Sandeid er stadvis smal og svingete, og på ulykkesstaden er det skilta for 80 km/t. Dei meiner at fartsgrensa må setjast ned og at det må gjerast noko med vegen.
– Vegen er så uoversiktleg at dei som held til i dei 20 husa/hyttene i området må éin kilometer til Osen for å ta buss, seier ein av bebuarane til Grannar.