Klokka 11.10 i dag fekk politiet melding om grovt tjuveri og skadeverk på ein bil som stod parkert på ein parkeringsplass på Illsnes, i Sandeid. Dette er eit øde område der det normalt er roleg. Bileigar måtte sette frå seg bilen der på grunn av ei punktering.
— Taket på bilen er skore i stykker og det er stole både stereoanlegg og skilter, fortel operasjonsleiar Trond Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.