Like ved Tveit Regnskap i Skjold fekk ein ung mann vatnplaning torsdag morgon. Fronten på bilen vart knust, men føraren skal ha kome frå hendinga utan skadar. 
Foto: Elin B. Øvrebø
Like ved Tveit Regnskap i Skjold fekk ein ung mann vatnplaning torsdag morgon. Fronten på bilen vart knust, men føraren skal ha kome frå hendinga utan skadar. Foto: Elin B. Øvrebø

Fekk vassplaning

Den unge mannen satt åleine i bilen sin og var den einaste som vart involvert i ulukka. Han skal ha slept uskadd frå hendinga, men det same kan ikkje seiast om bilen.

Fronten av bilen vart knust etter den heftige turen ned på jordet like vest for Tveit regnskap.

Trafikkbiletet vart ikkje meir påverka enn at passerande bilar måtte snegla seg forbi ulukkesstaden.

Mannen ringte sjølv Falken som kom for å fjerne bilen.