Susanne Helle Voll med Magnus på armen, Rut Jøri Mangrud, Liv Eidhammer Mangrud med Halvar Levi på armen og Marita Kvigne. Mødrene er opprørte over tilbodet kommunen har i forhold til kontantstøtta. Eit tilbod som ikkje lenger er reelt. Dei har alle tre eldre born, og har nytta kontantstøtta før, men no er det ikkje lenger mogeleg. Foto: Grethe Hopland Ravn
Susanne Helle Voll med Magnus på armen, Rut Jøri Mangrud, Liv Eidhammer Mangrud med Halvar Levi på armen og Marita Kvigne. Mødrene er opprørte over tilbodet kommunen har i forhold til kontantstøtta. Eit tilbod som ikkje lenger er reelt. Dei har alle tre eldre born, og har nytta kontantstøtta før, men no er det ikkje lenger mogeleg. Foto: Grethe Hopland Ravn

Kontantstøtta, ein parodi

Dei nye reglane for retten til kontantstøtte gjer at absolutt ingen foreldre som har barn i barnehagen i Vindafjord, mottek kontantstøtte.

Dette fordi den nye lova legg vekt på barnehagane sitt opningstilbod, i staden for dei faktiske timane barnet brukar.

— Me er frustrerte, me føler oss lurte og me sit igjen med eit inntrykk om at det lokale NAV-kontoret sine tilsette ikkje har peiling på kva dei snakkar om, seier Liv Eidhammer Mangrud engasjert.

Ho får full støtte frå to andre småbarnsmødrer i Skjold, Marita Kvigne og Susanne Helle Voll som er i same situasjon som Mangrud.

Nye reglar

Dei er tre av fleire som ristar på hovudet over den nye kontantstøtteordninga og måten Vindafjord kommune handterer denne på. Frå 1. september i år blei nye reglar for retten på kontantstøtte sett i kraft, og mens det før blei utbetalt kontantstøtte prosentvisst i forhold til om ein nytta seg 20, 40 eller 60 prosent av barnehagetilbodet, går dei nye reglande ut på at ein no berre får 50 prosent eller 100 prosent kontantstøtte utbetalt.

— I praksis er det naturleg å tru at når ein då har todagars plass i barnehagen, så har ein det same som 40 prosent plass. Men me veit også at barnet ikkje skal overstiga 19 timar pr veke i barnehagen, og når ein då reknar etter vil det seie at barnet vårt kan gå i barnehagen heile 9,5 timar per dag før dei overstig dei 20 timane det er snakk om, seier Mangrud som for sikrings skuld også kontakta NAV to gonger før barnehageoppstart og fekk bekrefta begge gongene at ho hadde rett på 50 prosent kontantstøtte, når sonen Halvar Levi starta opp i barnehagen, to dagar i veka.

Faktiske timetal gjeld ikkje

Både ho og mange andre med henne blei lange i maska då dei i starten på september fekk brev frå NAV om at kontantstøtta dei fram til no hadde hatt, blei stansa frå 1. september. Det har seg nemleg slik at Vindafjord kommune opererer med utvida opningstider i dei kommunale barnehagane, og at alle barn har tilbod om å nytta seg av barnehageplassen sin i 10,25 timar kvar dag. Dermed har Halvar Levi og alle dei andre eittåringane i kommunen som har todagars plass i barnehagen, overstige maksgrensa på 20 timar, om dei nyttar seg av timane eller ikkje, og kontantstøtta blir derfor stoppa. For det er barnehagetilbodet som står sentralt her, og ikkje det faktiske talet på timar kvart barn brukar.

— Eg synest ikkje det er noko som rimar i det heile her. For det første er det nesten ingen som i praksis nyttar seg av heile barnehagen si opningstid på over ti timar kvar dag. Dei tilsette i barnehagen seier til og med at barn ikkje bør ha lengre dagar enn rundt 8,5 timar per dag og på toppen av det heile har dei ikkje ein gong tilsette nok til å handtera alle ungane, om alle skulle vore der så mange timar kvar dag, seier Marita Kvigne som er mor til Ella på halvanna år.

Ein prinsippsak

Slik ordninga i dei kommunale barnehagane er i dag, er det ikkje eitt einaste foreldrepar i Vindafjord som får kontantstøtte, om dei har barnet sitt i barnehagen. Det er ikkje mogeleg å berre nytta seg av éin dag i barnehagen, og om ein går for minstetilbodet som er to dagars plass, har ein allereie overstige grensa på makstimetalet på 20 timar, sjølv om ein ikkje brukar timane til fulle ein einaste gong.

— For oss er det ikkje pengane det står på, for det er ikkje rare greiene me får frå NAV uansett, men dette er blitt ein prinsipiell sak for oss. Dette er eit tilbod på papiret, som det ikkje er mogeleg å nytta seg av i praksis. Hadde me visst at det blei slik, hadde nokre av oss søkt ungane våre inn med tre dagar i barnehagen kvar veke i staden for to, og for vår del hadde me ikkje søkt Halvar Levi inn i barnehagen før jul. Slik det er no er det tre månadars oppseiing på ein barnehageplass og etter jul mister me støtta uansett for då fyller han to år, seier Mangrud.

Problemstilling me ikkje såg

Kommunalsjef Øyvind Valen kan opplysa om at denne problemstillinga var ei problemstilling dei ikkje hadde tenkt på, før den nye lova om kontantstøtte tredde i kraft i september.

— Me har ingen planar om å endra på opningstilbodet me har i barnehagane per i dag, for gruppa som er råka av denne konflikten er berre dei som har todagarstilbod og barn under to år, og det er ikkje så mange.

Det me heller kanskje kan vurdera for denne aktuelle gruppa, er å laga ei ekstra ordning, der ein kan by på todagars barnehageplass med ei grense på 19 timar til saman, seier kommunalsjefen.