Torsdag var den gamle tunnelen ved Tungesvik ferdig klargjort for sprenging. Måndag blir den usikre gjennomgangen sprengt i fillebitar.
Foto: Elin B. Øvrebø
Torsdag var den gamle tunnelen ved Tungesvik ferdig klargjort for sprenging. Måndag blir den usikre gjennomgangen sprengt i fillebitar. Foto: Elin B. Øvrebø

Måndag er det full stopp

Her blir det stopp for all trafikk frå måndag.

Den gamle tunnelen ved Tungesvik blir fjerna med dynamitt i måndag ettermiddag. På grunn av sprenginga og ryddinga i etterkant, vil fylkesveg 48 mellom Hålandskrysset og Skånevik vere stengt for all trafikk dei neste fjorten dagane. Etter planen skal vegen opne igjen 29. oktober.

Stengt i to veker

Dermed blir bilistane nøydde til å bruka gamlevegen langs Skånevikstranda, fylkesveg 34, men dette gjeld ikkje køyretøy som er større enn buss.

Køyretøy som er lengre enn 12,3 meter må nytte alternativ omkøyring via Folgefonntunnelen eller Stord då vegen ikkje kan ta så store køyretøy i perioden den andre vegen er stengt. Det vil også skje enkelte endringar i bussrutene mellom Etne og Skånevik.

Var ikkje trafikksikker

Tunnelen, kalla Tungesvik 1, vart bygd på 1960-talet utan innvendig betongvegg. Det gjer at den knapt 35 meter lange tunnelen ofte har nedfall, noko som er til risiko for passerande trafikk. Det har lenge vore diskusjon om tunnelen er sikker nok.

Til slutt konkluderte Statens Vegvesen med at tunnelen måtte fjernast. Sprenginga av tunnelen fører ikkje berre med seg ei sikker og open skjering på den nemnde strekninga. Restane etter tunnelen, om lag 6.500 kubikk med lausmasse, skal nyttast til å utbetra den eksisterande vegen mellom Vatnedal og Håland.

Totalt skal 1,2 kilometer av vegen utvidast med omtrent 1,5 meter i breidda før slutten av november. Det er Brødrene Flatebø i Etne som står for arbeidet, både med sprenging og det vidare vegutbetringa.