Moped mot bil

Politiet melder om trafikkulykke på E134 like aust for Etne sentrum laurdag kveld. Ein 17-åring på moped blei lettare skadd i samanstøyt med ein bil.

Ulukka skjedde etter at bilen på veg vestover skulla passera mopeden som hadde same retning. Då bilen like etter skulle ta til høgre av europavegen, greidde ikkje mopedisten å stansa og køyrte inn i bilen.

Mopedføraren klaga på vondt i nakken og blei beden om å oppsøke legevakt.