I Skjold var det bondelaget som gjekk med bøssene. Her Øystein Kalstveit (t.v.) på besøk hos Per Ivar Ertesvåg. Foto: Anci C. Tinde
I Skjold var det bondelaget som gjekk med bøssene. Her Øystein Kalstveit (t.v.) på besøk hos Per Ivar Ertesvåg. Foto: Anci C. Tinde

Passerer 200 millionar

Tv-aksjonen blei ein suksess.

Årets tv-aksjon til inntekt for Amnesty International hadde tidleg måndag passert 200 millionar kroner i innsamla midlar og går dermed inn i historia som ein av dei beste.

Dei siste tala viser at Etne kommune også år kom betre ut enn Vindafjord. Etne ligg på 95. plass av landets kommunar med kr 50,53 per innbyggjar, medan Vindafjord greidde kr 44,73 som gir ein 152. plass. Resultatet er likevel noko lågare enn i fjor.

Svalbard toppar lista, med Utsia og Bokn på dei neste plassane. Også Eidfjord (7. plass) og Suldal (10) kom blant dei ti beste kommunane.

Tv-aksjonen ønskjer å takka alle som har støtta årets aksjon. Då sendinga til NRK gjekk av lufta klokken 00.30 natt til måndag var det samla inn 200.289.668,07 millionar på landsbasis, det er 40,18 kroner per innbyggjar. Det er ein enorm sum og pengane Norge har gitt vil endre skjebnen til mange menneske over hele verden.

— Me er utroleg stolte og takknemlege for den innsatsen som er lagt ned i årets tv-aksjon. Dette resultatet er eit aksept av arbeidet me gjer kvar einaste dag, og eit bevis på at menneskerettane blir sett høgt av det norske folk, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International i Norge.

Les meir om aksjonen og om det lokale bondelag som tok alle rutene i Skjold i dagens papir-/eavis.