Romsaøyane i Vindafjord er for all framtid sikra som friluftslivsområde for deg og meg. Det er klart etter at Staten ved Direktoratet for naturforvaltning nå har kjøpt mesteparten av øygruppa mellom Bjoa og Børkjenes i Etne av Statsskog.
Det Fylkesmannen i Rogaland som nå melder om eigarskiftet. Nyhendet vil gleda båtfolk og ei rekkje andre natur- og friluftselskarar.
1.800 dekar
Romsa byr på gode båthamner, turstiar, fiskeplassar og fine badeviker. Her, på austsida av Store-Romsa, ligg også Noregs størst naturreservat for kristtorn.
Romsaeigedomen er på til saman 1.800 dekar fordelte på tre større øyar og nokre mindre holmar. Dei store øyane er Store-Romsa, Litle-Romsa og Tolløya. Bortsett frå to mindre hytteeigedomar sør på Tolløya, har Direktoratet for naturforvaltning nå kjøpt alle desse perlene.
Friluftsliv
Romsaøyane er ein del av Vestkystparken, fortel Fylkesmannen på si nettside. Sjølv om mykje av arealet i dag er dekt med skog – både naturleg og planta – er desse øyane rekna som eit eldorado for båtturistar.
— Gamle bygningar og hustufter vitnar om tidlegare slekters strev og gjer øyane til ein spanande stad for unge og vaksne; Professorhytta og Vinjehuset på Grindanes, Haukelandstunet med tilhøyrande bygningar – våningshus – løe og eldhus. Desse bygningane vert no nytta av lokale båtlag.
skal også vurderast om det er ønskjeleg å utvida det verna arealet
Huset på Herøya og Matretunet på Litle Romsa vert brukt av ulike ideelle organisasjonar. Bruken av bygningane skal ikkje vera til hinder for ållmentas tilkomst og bruk av uteareal. Gamle ferdselsvegar er i dag idylliske turvegar og stiar i vakker natur, heiter det i meldinga.
Friluftsrådet Vest
Romsa har også fram til nå vore godt tilgjengeleg for ållmenta. Friluftsrådet Vest har ansvaret for forvaltning og tilrettelegging for friluftsfolket.
Det gjeld mellom anna bryggjer og grillplassar som kan nyttast av alle som kjem hit med båt; som Grindanes (bryggje og grillhus), Naustvikjo (bryggje + gamalt naust ), Brattestøvågen (bryggje), Ørevik (bryggje), Herøya (bryggje) og Litle Romsa – Båtaviko (grillhus og bryggje).
Ny avtale
I samband med kjøpet av Romsa-eigedomen har Fylkesmannen fått i oppgåve å utarbeida framlegg til ny avtale om drift, skjøtsel og vedlikehald. Romsaøyane har mange natur- og kulturverdiar, og forvaltningsansvaret er delt på fleire partar.
— Det vil difor vere behov for ein forvaltningsplan som sikrar ei god forvaltning av friluftslivsinteressene, kulturlandskapet og verneinteressene i framtida. Det skal også vurderast om det er ønskjeleg å utvida det verna arealet på Romsa. Det gjeld mellom anna ein verdfull oseanisk utforma kystfuruskog, uttaler Fylkesmannen i Rogaland.
Kristtorn
På austsida av Store Romsa ligg landets største kristtornreservat.
Her står kristtorn i reine bestandar og i blandingsskog av mellom anna bjørk og furu. Enkelte stader kan ein sjå kristtornskog med tre opptil 30 cm i diameter og kanskje ti meter høge.
I gode år omkring 1950 kunne bøndene på gardane hausta tre til fire tonn kristtorn for sal. I år 2000 vart eit område på 213 dekar verna som naturreservat.
— Dersom denne eineståande kristtornskogen skal kunna utvikla seg vidare, er det heilt naudsynt med skjøtsel av reservatet, mellom anna hogst av konkurrerande treslag, meiner Fylkesmannen.