77-11-sedlar

Snart kan du sjekka skattelistene

Skatteoppgjeret for 2011 er klart for offentleggjering.

Skatt Vest som omfattar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, legg måndag 15. oktober ut skatteoppgjeret for fjoråret. Det viser at

582.653 skattytarar får tilbake kr 7,4 milliardar kroner.

Fordelt på 758.453 skattytarar i Skatt vest er det utlikna kr 84,3 milliardar kroner i direkte skattar og avgifter. Dette er ein auke frå  78,8 milliardar kroner i høve til året før. 582.653 skattytarar får i snitt  12.764 kroner tilbake. I fjor hadde 578.057 skattytarar pengar til gode, med gjennomsnittleg 12.225 kroner

I høve til i fjor er det ein auke i talet på skattytarar som får restskatt. Dei det gjeld, må i snitt betale litt meir enn året før. 159.403 skattytarar må betale 3,5 milliardar. I snitt blir det 22.280 kroner på kvar. I 2010 fekk 152.865 personar i Skatt vest 3,2 milliardar i restskatt.

Lokalt

I Vindafjord kommune har 7.653 skattytarar blitt utlikna for 673,9 millionar kroner i skattar og avgifter. Det er betalt inn 730 millionar i forskot.

5.753 personar har pengar til gode; totalt 82,9 millionar. I snitt blir dette 14.411.

1.446 skattytarar er kome dårleg ute og må betala restskatt. Totalt utgjer dette 27,5 millionar i Vindafjord. Det gir eit snitt på 19.034.

I Etne kommune har 3.151 skattytarar blitt utlikna for 271,2 millionar i 2011. Det er betalt inn 290,9 millionar i forskot.

2.352 skattytarar har pengar til gode; totalt 31,7 millionar som gir eit snitt på 13.488 kroner.

562 personar må betala 12,9 millionar i restskatt. I snitt blir dette 22.986 kroner.

På landsbasis

På landsbasis har 2,9 millionar skattytarar 36 milliardar kroner til gode, med gjennomsnittleg 12.500 kroner på kvar. 778.000 personar har fått restskatt, og må betale i gjennomsnitt 22.000 kroner tilbake – til saman 17 milliardar.

Frå i år blei ordninga med fleire skatteoppgjer utvida. Personleg næringsdrivande var for første gong inkludert i ordninga. Talet på skatteoppgjer for personlege skattytarar har auka frå fire i 2011 til tolv i år.

560.000 lønstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande har fått eit tidlegare oppgjer dette året.