Fangstane i fartskontrollar på E134 på Knapphus vil ingen ende ta. Kvar gong UP eller det lokale politiet stiller seg opp med måleutstyret, blir den eine fartssyndaren etter den andre vinka inn.
Onsdag var UP igjen på staden og resultatet var heile 20 brot på fartsgrensa som her er 60 km/timen.
— To mista førarkortet og 18 fekk forenkla førelegg, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Fribreg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
På den tre timar lange fartskontroll med start kl 10.00, blei høgast fart målt til 90 km/t.