Det går av fram av ein klage Fatland Ølen AS har sendt Klima- og forureingsdirektoratet (Klif) etter at Fylkesmannen i Rogaland har stilt strengare krav til slaktebedrifta i Ølen.
Fatland har søkt om å få produsere meir i Ølen, og dermed sleppe ut meir organiske stoff i Ølsfjorden. Til det siste vender Fylkesmannen tommelen ned og stiller strengare krav enn tidlegare.
Krev reinsing
Miljøvernavdelinga har behandla søknaden og kuttar utsleppsløyvet for organiske stoff ned til tredjeparten av det Fatland ønskjer. Kjøttprodusenten får heller ikkje sleppe ut så mykje feitt som det er søkt om.
Det betyr at aktiviteten kan gå sin gang på anlegget i Ølen, også med vekst i produksjonen, men det krev i så fall at slakteriet investerer i eit nytt reinseanlegg.
Vi må vurdere kostnadene ved å drive her
Det rådgivande ingeniørselskapet Cowi AS står bak klagen til Klif, og der blir det kalkulert med at reinseanlegget vil koste Fatland 17 millionar kroner i investering og 3 millionar kroner i årleg drift.
Bedrifta blir også pålagt dagleg måling av kjemisk oksygenforbruk (KOF) som følgje av utslepp av organisk stoff. Fatland vil sleppe ut 1.450 kilo i døgnet målt som KOF i avløpsvatnet, medan Fylkesmannen godtar 453 kilo.
Sidan det er ei viss reinsing alt i dag, betyr det at fjerninga av KOF blir på 75 prosent. Cowi meiner kravet i røynda er 90 prosent.
Ekstra kostnad
Her er konklusjonen i klagen som er sendt over til Klif: «Hvis miljømyndighetene står hardt på et slikt krav, vil det sannsynligvis føre til at aktiviteten ved anlegget i Ølen vil bli flyttet til andre Fatland-anlegg ..»
Fatland vurderer å investere i Ølen med meir satsing på ferdigproduksjon, og slike planar vil bli skrinlagt, opplyser dagleg leiar Svein Fatland i Fatland Ølen AS.
— Vi må vurdere kostnadene ved å drive her. Blir det for dyrt, kan ein risikere at vi må flytte aktiviteten, seier han.
Det blir ein reell forskjell med andre anlegg i Fatland-gruppa, sidan avløpsvatnet der går inn i kommunale reinseanlegg, opplyser han. Dermed får dei ikkje krav om separate anlegg.
Ulik behandling
Fatland er også lite tilferds med at selskapet i det nye utsleppsløyvet blir pålagt å undersøkje Ølsfjorden i ei såkalla resipientundersøking for å finne ut meir om tilstanden i fjorden.
— Vi er ikkje aleine om å sleppe ut organisk avfall i fjorden, og fleire burde i så fall gå saman om ei slik undersøking, meiner han.
Cowi viser til utslepp av kommunalt spillvatn frå kloakk og avløp som inneheld organisk avfall, samt andre bedrifter som er opphav for utslepp. Også på det området blir det påpeika at det ikkje er likebehandling når Fatland med nye reinsekrav kjem under utsleppa den kommunale kloakken har i Ølen og Ølensvåg.
Alle utslepp i Ølsvågen og Ølfjorden har reinsing med sil, og ikkje den typen reinsing Fatland blir pålagt. Fylkesmannen viser til at eit tilsvarande stort utslepp frå kommunal kloakk, ville fått det same kravet om reinsing.
Føre var
Det er svært mange av krava til Fylkesmannen slakteriet i Ølen ikkje er nøgd med, og klagar inn for Klif. Også utgangspunktet om at tilstanden i Ølsfjorden er slik at den ikkje toler organiske utslepp av Fatland sine dimensjonar, er det usemje om.
Det er ikkje snakk om miljøgifter, men næringsstoff som påverkar oksygenbalansen i fjorden. Det kan gå ut over livet i fjorden og kvaliteten på sjøvatnet. Cowi viser til at Institutt for biologi ved universitetet i Bergen undersøkte fjorden i 2006, og fann ikkje store endringar enn det som kan vere naturleg, samanlikna med ei tilsvarande undersøking i 1981.
Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen stiller ei rekkje spørsmål ved den siste undersøkinga og legg vekt på eit avvik frå resten av undersøking, midt i bassenget utanfor Ølen sentrum.
Fylkesmannen konkluderer med ei «føre-var-haldning» sidan kunnskapen ikkje er god nok, og det meiner Cowi ikkje er eit tilstrekkeleg grunnlag å gi pålegg på.