Advokat Steinulf Tungesvik i kamp med Posten Norge på vegner av innbyggjarane på Eikemo som står i fare for å msta dagens tilbod. Arkivfoto
Advokat Steinulf Tungesvik i kamp med Posten Norge på vegner av innbyggjarane på Eikemo som står i fare for å msta dagens tilbod. Arkivfoto

Forlangar dagleg post til Eikemo

Steinulf Tungesvik meiner Posten ikkje har heimel i lova når dei seier opp postomberinga på Eikemo.

Advokaten som er tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet, viser til fleire paragrafar i konsesjonslova i klagebrevet han no har forfatta på vegner av bebuarane på Eikemo i Åkrafjorden. Brevet er sendt til Posten og kontrollinstansen Post- og Teletilsynet.

Tungesvik skriv at Posten har gjort ei rekkje feil i saka til no. Dei har til dømes ikkje tatt kontakt med oppsitjarane eller postomberaren før eit eventuelt vedtak om nedlegging, noko dei er plikta til. Dei har heller ikkje fått informasjon om kor dei kan vende seg for å klage på vedtaket. Tungesvik kjenner dessutan  ikkje til at Posten har varsla Post- og teletilsynet om omleggingar seinast to månader før endringar skjer. Advokaten påpeikar vidare at Posten sjølv også har bevist at postombering alle dagar i veka er mogleg på Eikemo.

Posten har gjort ei rekkje feil i saka til no

— Det er på det reine at det ikkje er umogleg å levera alle kvardagar, jamfør at Posten gjer det no gjennom kontraktsruta. Det er også vanskeleg å hevda at det er urimeleg kostnadskrevjande, då kostnaden for å drifte ruta ligg på 100.000 kroner, skriv han og legg til at postmengda til og frå staden har vore aukande alle dei siste åra. Bebuarane passerer heller ikkje det «formelle leveringspunktet» Viskjer på den andre sida av fjorden i sin kvardag.

Krev etterbetaling

I klagen kjem det også fram at godtgjersla til Nils Kjetil Eikemo som postomberar ikkje har vore prisjustert i løpet av dei siste ti åra. Eikemo set difor fram krav om å få etterbetalt den manglande prisjusteringa for heile perioden framover og at godtgjersla framover blir prisjustert årleg. Han ventar at Posten ikkje vil påropa seg forelding for dei deler av kravet som er eldre enn tre år. Kravet lyder på 70.813 kroner.

Står på kravet

Om lag samstundes som klagebrevet var ferdig, tok stortingsrepresentant Hallgeir H. Langeland (SV) opp saka på det faste onsdagsmøtet med den politiske leiinga i Samferdselsdepartementet.

— Statsråd Marit Arnstad oppmodar Posten om å koma til semje med bebuarane om korleis posttenestene skal vera. Mitt utgangspunkt er å fylgja stortingsfleirtalet sitt syn på EU sitt tredje postdirektiv og at Eikemo skal ha same posttilbod som i dag, seier Langeland.