Chris Jespersen får testa seg mot verdseliten i Finland. Arkivfoto:  Svein Halvor Moe
Chris Jespersen får testa seg mot verdseliten i Finland. Arkivfoto: Svein Halvor Moe

På verdscuplaget likevel

Chris Jespersen til Kuusamo.

Skåneviksbuen Chris Jespersen slo alle under opningsrennet på Beitostølen, men fekk ikkje representera Noreg då verdscup-sirkuset starta i svenske Gälleväre i helga.

Måndag kom gladmeldinga til 29-åringen. Han er med i den troppen på 21 løparar som Norges Skiforbund har tatt ut til verdscuprenna i finske Kuusamo til helga.

I troppen til Nord-Finland er det ti menn og 21 kvinner. 

Her er det ein minitour på programmet, som i fjor. Fredag skal det gåast sprint klassisk, mens det er respektive 5/10 km fri teknikk laurdag og avsluttande 10/15 km jakstart i klassisk stil søndag.

— Me har tatt med Pål Golberg, Øystein Pettersen og Eirik Brandsdal frå sprintlandslaget. Disse går berre sprinten på fredag. Det er få muligheiter for internasjonale konkurransar i klassisk. Ettersom sprint klassisk er VM distanse gjer at me vel å matcha dei beste i Kuusamo, seier landslagssjef Vidar Løsfsus til langrenn.com.

 Laget

Noreg stiller med desse mannlege løparane:

Chris Jespersen, Byåsen IL

Øystein Pettersen, Lillomarka Skiklubb

Pål Golberg, Gol IL

Eirik Brandsdal, Kjelsås IL

Petter Northug jr., Strindheim IL

Niklas Dyrhaug, Tydal IL

Martin Johnsrud Sundby, Røa IL

Sjur Røthe, Voss IL

Eldar Rønning, Skogn IL

John Kristian Dahl, Strindheim IL (COC)