Hit til Viskjer, men ikkje lengre. Det blir slutt på at Nils Kjetil Eikemo hentar og bringar for Posten Norge til Eikemo. 
Foto: Arne Frøkedal
Hit til Viskjer, men ikkje lengre. Det blir slutt på at Nils Kjetil Eikemo hentar og bringar for Posten Norge til Eikemo. Foto: Arne Frøkedal

Posten kuttar ut veglause Eikemo

Reaksjonane er sterke på at Posten vil kutta ruta til veglause Eikemo i Åkrafjorden.

Av Arne Frøkedal og Anne Karine Stautland

Nils Kjetil Eikemo (39) sine dagar som postomberar er talde. Posten vil kutta postruta til den veglause grenda, men møter nå massiv politisk motstand.

Eikemo på nordsida av Åkrafjorden har hatt postrute sidan 1953. Nå går det mot slutten for tilbodet med å få frakta over dagleg post til den isolerte grenda. Oppsitjarane er varsla av Posten Noreg AS om at kontraktsruta blir avslutta frå nyttår.

som å skjera av livsnerven til storsamfunnet

— Det er trist for grenda, og for meg personleg betyr det mindre å leva av. Å vera geitebonde er ikkje så feitt, seier Nils Kjetil Eikemo.

— Arrogant

Nedlegginga som er varsla dei tre husstandane gjennom eit brev, møter politisk storm, både lokalt og sentralt. Tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet, Steinulf Tungesvik (Sp) er i ferd med å forfatta ei klageskriv. SV-politikar i Bergen og sentralstyremedlem, Oddny Irene Miljeteig som er frå den veglause sida av Åkrafjorden, trykkjer også på knappar oppover i partiet. Ho er ikkje nådig i sin dom over Posten.

— Eit arrogant maktovergrep ein sjeldan ser i samfunnet, er hennar karakteristikk av vedtaket.

Miljeteig meiner nedlegging av kontraktsruta er som å skjera av livsnerven til storsamfunnet. Ho viser til at Eikemo alt er isolert og at posten er eit av dei få tilboda som er igjen i den fråflyttingstrua grenda.

«Ikkje farbar veg»

Posten si utleveringsplikt for postsendingar er regulert i konsesjon gitt av Samferdselsdepartementet. «Ikkje farbar veg» og «isolert busetting utan regulær transportforbindelser» er særtilfella i unntaksreglane Posten viser til i sitt brev til oppsitjarane på Eikemo.

I snart 50 år har grenda hatt postombering, dei ti siste åra i regi av Nils Kjetil Eikemo. Kvar ettermiddag seks dagar i veka køyrer han dei 3,5 km ned til kaien, tar båten over den éin kilometer breie fjorden til Viskjer, like ved E134. Han har med seg det som skal sendast, og i retur tar han med post og pakkar som Posten har låst inn i eit tryggingsskap ved kaien. Om sommaren og ferietida kan det vera eit dusin adressantar på lista.

Frå nyttår av seier Posten stopp ved Viskjer. Kvar husstand må der ha kvar sin postkasse ståande og sjølv ta ansvar for levering og henting. Posten sparer rundt 100.000 kroner på rutekuttet. Postmannen er orientert som brukar, men har ikkje fått formell oppseiing av Posten som arbeidsgjevar.

— Attende i tid

Geir Arne Eikemo som er blant dei fastbuande, er svært skuffa over Posten i avgjerd.

— Dette set oss mange år tilbake i tid. Om vinteren kan det gå halvanna veke før me får henta posten. Har rekninga forfallsfrist på sju til åtte dagar, kan ho i verste fall bli liggjande i postkassen over fristen, seier han, og ser for seg at det kan bli problem både med aviser, rekningar og netthandel.

— Me må vel mest ha seks postkassar, så me veit kva dag posten har kome, seier han indignert.

Eikemo meiner argument som at det ikkje er farbar veg og at det er isolert busetting utan regulært transportsamband, talar for unntak frå avstandskravet. Han synest løysinga Posten har kome med er svært radikal.

— Skal dei først kutta, burde det vore frå seks til tre-fire dagar, ikkje alt i eitt jafs. Det er ein rar måte å gjera det på, og argumenta deira held ikkje vatn. Det er farbar veg for han som har båt.

Lover kamp

Også lokalpolitikarane reagerer på Posten sitt distriktskutt i kommunen. Ordførar Sigve Sørheim (Sp) lover kamp for å behalda posttilbodet.

— Slik eg forstår Posten reknar eg med at bebuarane må over fjorden for å henta posten. Det gir dei eit mykje dårlegare tilbod, og det vil ta mykje tid. Dei bør få behalda tilbodet som i dag, seier han.

I tillegg til Sp og SV er det også tatt kontakt med Ap-representantar oppover i det politiske systemet for å unngå nedlegging av ruta.