Gratisavisa Karmsund rappar dødsannonsar frå konkurrentane sine, men meiner dette er uproblematisk. Illustrasjonsfoto: Elin B. Øvrebø
Gratisavisa Karmsund rappar dødsannonsar frå konkurrentane sine, men meiner dette er uproblematisk. Illustrasjonsfoto: Elin B. Øvrebø

Tar dødsannonsar frå konkurrentar

Gratisavisa Karmsund går langt kampen om annonsekronene på Haugalandet.

Ovanfor NRK Rogaland stadfestar redaktør i Karmsund, Arne Andreassen, at gratisavisa trykkar dødsannonsar som dei har funne i andre lokalaviser, blant anna Grannar.

Ser ikkje problemet

Sidan i haust kan dermed pårørande oppleve å finne avdøde familiemedlem eller liknande i spaltene på Karmsund sjølv om dei verken har bede om det eller betalt for det.

Redaktør Andreassen meiner likevel denne praksisen er uproblematisk.

— Dette er på mange måtar ein service for lesarane våre ettersom det er eit redaksjonelt innhald som me ikkje tar betalt for. Denne informasjonen er dessutan allemannseige. Alle har lov og rett til å vite kven som har gått bort på Haugalandet, seier han til statskanalen.

Ifølgje Andreassen er dødsannonsar ettertrakta lesestoff og han skal ha fått spørsmål frå fleire om også han kan begynne med å publisere slike annonsar.

— Eg har fått høyre frå fleire at dersom Karmsund tilbyr denne tenesta, vil dei seie opp Haugesunds Avis, hevdar han.

—Uetisk og tjuveri

Fleire redaktørar på Haugalandet vender tommelen ned for Karmsund sitt nye verkemiddel for å sope inn fleire annonsekroner. Redaktør i Grannar, Arne Frøkedal, er langt frå begeistra.

— Me reagerer sterkt på denne praksisen og har aldri opplevd maken. Karmsund tar verken omsyn til dei pårørande eller bryr seg om at dei også gjer eit tjuveri. Ei dødsannonse er ei kunngjering som er betalt for og laga til. Dette finn me oss ikkje i, og vil ta saka vidare, seier han.