Politiet har fått melding om trafikkuhell Rv514 ved Steinsland mellom Sandeid og Ølen. Ulukka blei varsla rundt kl 18.30 torsdag.
— Politiet, ambulansar og brannvesen er på veg til staden, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistriktet.
Operasjonsleiar opplyser like over kl 19.00 at personen, ei kvinne er frigjort frå bilen og blir frakta til sjukehus i luftambulanse. Tilstand og andre detaljar er førebels ukjent for politiet.
Politiet reknar med at bilen har kjørt ut til høgre i ein venstresving, køyrt delvis over eit autovern, ned tre til fire meter i ei skråning og treft eit tre.
Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er varsla.