Av Svein Halvor Moe
Chris Jespersen har fått ein kjempestart på denne sesongen. Torsdag fylgde han opp den flotte verdscupinnsatsen i Kuusamo, med å gå inn til ein sterk åttande plass i Canmore.
Det var på 15-kilometer klassisk at Chris sikra seg ein ny topp ti-plassering i World Cup-systemet. Skånevik-guten braut ein barriere då han presterte klart karrierebeste i denne stilarten. Jespersen var strålande fornøgd med at han endeleg fikk det til i god gammeldags diagonalgang i eit så stort og viktig renn.
— Eg har i sommar og haust jobba hardt for å bli betre i klassisk. Terping på tekniske detaljar har ført til at eg har gått betre og meir rasjonelt på rulleski. Eg har vore spent på om eg var i stand til å overføra det då me kom på snø. Sigeren på Beitostølen var forhåpentlegvis ein indikasjon på at eg har løfta meg i klassisk. Det var ein prestasjon og eit resultat som gjorde godt for sjølvtilliten, seier Chris som har vore i bra form heilt sidan sesongdebuten på Beito.
Har heva seg
— Dei siste åra har eg gjerne gått fort i starten og slutten av sesongen. eg har hatt ein tendens til å bli sjuk rundt juletider. Det er trenings- og konkurranse-avbrekk som har kome uheldig i forhold til uttak, seier Jespersen som i alle år har vore ein glimrande fristil-løpar. Han trur ikkje den auka klassisk-satsinga har gått utover fristilteknikken.
Chris-framgangen i klassisk gjer at han nå har blitt ein meir komplett langrennsløpar. Det skal nok konkurrentane få merka søndag.
Den tidlegare juniorverdsmeisteren gler seg veldig til å bryna seg på dei beste utlendingane på 30-kilometer duathlon. Dette blir hans andre og siste start i denne omgang.
VM er målet
Det lokale langrennsesset er klar på at det fortsatt er VM som er vinterens store mål. Dei gode plasseringane i verdscupen gjer at han er heit med tanke på verdsmeisterskapet i Val di Fiemme. Dersom Jespersen går inn til ein ny topp plassering på søndag, kan det bli vanskeleg å komme utanom Jespersen når det er tid for å ta ut troppen.
— Min einaste muligheit til å påverka uttaket er å gå gode renn. Eg har fått den starten på sesongen som eg håpte på. Nå blir det viktig å halda seg frisk slik at eg får trena bra i jula, seier Jespersen, vel vitande om at prestasjonane i World Cup på starten av nyåret og noregsmeisterskapet blir avgjerande for om han får gå i norsk landslagsdrakt i dei nord italienske Alper om godt og vel to månader.