Uhellet skjedde på E134 i Skjold ikkje så langt frå Hodnafjell i eit møte mellom bil og hjort. Dyret vart skadd, men sprang vidare.
Operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk melding om episoden klokka 17.40 fredag ettermiddag, og kontakta viltnemnda i Vindafjord om den skadde hjorten.
Om lag samstundes fekk politiet melding om eit tilsvarande uhell på Stord.