Politiet var tysdag kveld på åstadgransking i Skjold etter melding om innbrot. Ein mann hadde tidlegare på dagen meldt om innbrot og tjuveri frå eit loft over garasjen hans.
Operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det er stole nokre berbare datamaskinar og åtte til ti flasker brennevin. Dette skal ha skjedd i tidsrommet måndag kl 20.00 til ca 14.00 tysdag.
Det er oppretta sak som blir vidare etterforska av Vindafjord lensmannskontor.