Fleire personar frå Haugesund og distriktet måtte tilbringe natt til søndag i arresten på grunn av stupfylla. Operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at dei har hatt 12 personar i politiarresten, og 6 vart tatt hand om av politiet fordi dei var så fulle at dei ikkje kunne ta vare på seg sjølve.
Fire av dei sterkt berusa laga også bråk og fekk førelegg på mellom 6.000 og 8.000 kroner. To er også sikta for vald. Politiet opplyser at dei i tillegg fekk inn mange meldingar og har hatt oppdrag til stader med personar som var svært rusa. Fleire vart køyrde heim, andre har blitt tatt vare på av venner.
Politiet oppfordrar folk til å drikke litt mindre på julebord.