Også i dag er det omlasting av pasientar i Ølen, og Sauda kommune fryktar at det blir endå meir av det når den ekstra dagbilen er tatt ut av drift.
Illustrasjonsfoto

Fryktar meir omlasting

Sauda kommune fryktar at det blir meir omlasting av pasientar i Ølen.

Pasientar på veg til Haugesund sjukehus har også tidlegare blitt omlasta til ny ambulanse ved stasjonen i Ølen når det berre har vore ein ambulanse i Sauda. Etter leveransen i Ølen har ambulansen returnert til Sauda slik at byen i Ryfylke ikkje skulle vere utan akuttberedskap.

Det var konsekvensen av at ambulanse to, den såkalla dagbilen, ofte har blitt brukt til andre oppdrag i Helse Fonna dei to siste åra. No føreslår Helse Fonna å fjerne dagbilen på meir permanent basis fordi helseføretaket skal spare pengar på ambulansedrifta.

Det betyr at Sauda berre vil ha ein ambulanse heile døgnet.

Sauda kommune protesterer på nedtrappinga og viser til at fleire pasientar meiner omlastinga i Ølen er uverdig. Mellom anna gravide med rier har reagert på måten dei har blitt behandla på.

Det kjem fram i eit brev ordføraren og kommunelegen har sendt til direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Sauda kommune har i klagen til Helse Fonna lista opp ei rekkje uheldige sider av at dagbilen vart fjerna frå 2. januar og inntil vidare. Slik som dårlegare vilkår for pasientane, mindre beredskap og frykt for større problem med å rekruttere folk i ambulansetenesta. Kommunen inviterer leiinga i Helse Fonna til eit møte for å diskutere situasjonen som har oppstått.