eidra med pris: Dagleg leiar Petter Aalvik (tv.) og styreleiar Sigmund Lunde i Omega AS mottar prisen under det årlege Solamøtet.
Dagleg leiar Petter Aalvik i Omega opplyser at dei er inne i ein ny trend med vekst. Arkivfoto

Nyskapingspris til Omega

Rogaland Forskings- og Nyskapingspris 2012 hamna i Vindafjord.

Omega AS fekk heider på det årlege Solamøtet måndag kveld. Fylkesordførar Janne Johnsen hadde æra av å tildela Rogaland Forskings- og Nyskapingspris til vekstbedrifta i Ølensvåg.

— Midt på 90-talet kom konseptet som har utvikla seg til ein suksess i ein krevjande, internasjonal marknad. Selskapet sin omsetning har auka frå knappe hundre millionar i 2002 til over éin milliard kroner i 2011. Dette er tufta på organisk vekst og ein organisasjon som er prega av engasjement for og med dyktige medarbeidarar, og som i dag tel 1.030 tilsette, sa fylkesordføraren vegner av Rogaland Forskning- og Nyskapingsfond.

Dette er 11. året prisen blir delt ut til ei bedrift som har markert seg innan nyskaping, kompetanseutvikling, næringsretta forsking og regional næringsutvikling.

Med prisen følgjer også 100.000 kroner, som i god nyskapingsånd skal gå til den nye næringshagen i Vindafjord. For snart eit år sidan begynte Omega AS arbeidet med å etablera næringshage i Vindafjord for auka verdiskaping i det lokale næringslivet og enda betre grobotn for nyetableringar i kommunen.

Forsknings- og nyskapingsprisen blir delt ut på grunnlag av Rogaland Forsknings- og Nyskapingsfond, som er etablert av stiftelsen Rogalandsforskning, NHO Rogaland og Rogaland fylkeskommune.

Les meir om saka i torsdagens papirutgåve av Grannar.