Det ligg an til ein travel vinter hos Westcon. Fem boreriggar er på veg mot verftet i Ølensvåg. I tillegg ligg det nesten 30 skipsreparasjonar ordreboka til konsernet.
Midt opp i denne aktiviteten er utbetring av fasilitetane og kapasitetsauke for både skip og rigg etter oppkjøpet av STX Florø under planlegging.
— Med kjøpet av STX Florø i januar – nå Westcon Yard Florø – får våre kundar tilgang til ein overbygd dokk på 200 meter. Dette vil føra til enda fleire spennande skipsoppdrag, opplyser Georg Matre, sjef for skipsreparasjonar i Westcon.
ingenting tyder på at dette året blir spesielt rolegare
— I Florø kan me nå ta i mot endå større konstruksjonsfartøy, lastebåtar og ferjer. I tillegg har verftet ein svært attraktiv plassering for mange av våre kundar, seier Matre.
Fire verft
Oppdrag for skipsreparasjonar blir omsett i ein spotmarknad med kortare tidshorisont enn til døme riggvedlikehald, og Matre rapporterer om nær 30 skipsoppdrag ved Westcon sine avdelingar i Ølensvåg, Karmsund og Helgeland den nærmaste tida.
— Det er tøff konkurranse, og spesielt frå verft i Danmark, Sverige og Tyskland. Mange reiarlag og oljeselskap verdset kort innseglingsdistanse, då dette er både tids- og utsleppssparande. Difor hevdar norske verft seg godt, og blant desse er Westcon sine dei aller mest konkurransedyktige med tilbod ved fire verft langs heile norskekysten.
Full fjord
Også for riggvedlikehald ser ordreinngangen svært lys ut for Westcon, og det kan bli ein repetisjon av situasjonen frå i fjor haust då Ølensfjorden var fylt med fire store boreriggar. Med utbetring av innseglinga til det nykjøpte verftet i Florø vil Westcon sin kapasitet også for riggoppdrag bli utvida.
Riggsjef Malvin Eide rapporterer om framleis høg aktivitet i riggmarknaden.
— 2012 var nok eit hektisk år, og ingenting tyder på at dette året blir spesielt rolegare. Med verftet i Florø vil me kunn ta hand om endå fleire riggar, seier Eide, og legg til at også anlegget i Ølensvåg nå gjennomfører forbetringar:
— Sidan Westcon begynte å satsa på riggvedlikehald har me hatt nærmare hundre riggoppdrag. I same periode er det investert nær 600 millionar kroner i anlegget i Ølensvåg. Nå bygger me 200 nye kundekontor og utvidar av produksjonshallene og overnattingsfasilitetane.
Programmet
I dag ligg West Hercules til kai i Ølensvåg for oppgraderingar og vinterisering. Dei neste månadene sett følgjande riggar kursen mot Westcon for å utføra oppgraderingar og modifikasjonar:
* Leiv Eiriksson (Ocean Rig) – kjem i februar
* West Alpha (North Atlantic Drilling) – kjem i mars
* Transocean Searcher (Transocean) – kjem i mars
* West Phoenix (North Atlantic Drilling) – kjem i april