18-åring til sjukehus

Politiet melder om kollisjon mellom personbil og traktor på fylkesveg 514 ved Saudeid i 20-tida tysdag. Uhellet skjedde då bilen skulle køyra forbi traktoren idet denne svinga mot venstre.

Operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at tre unge kvinner i 18 årsalderen som var i personbilen, blei køyrt til legevakt i Ølen.

— Av desse blei passasjeren i baksetet frakta til sjukehus i Haugesund med vondt i brystet, fortel Vikse.