Ho er utrøytteleg i sin kamp mot narkotikapolitikken og haldningar blant mange. Målet er å få til ein nasjonal folkeaksjon. Sist helg hadde ho stand på Ølen senter og laurdag var ho på plass i Etne for å samla underskrifter til foreldreaksjonen som ho har på gang.
— Narkotikapolitikken er på ville vegar. Dette kan eg ikkje sitja roleg å sjå på, og jobben er gjer nå er ein takknemleg jobb. Mange synest det er flott at eg engasjerer meg, seier Anne Lise Brekke.
I Ølen fekk ho samla inn 81 underskrifter og i Etne fekk ho samla 101. I tillegg har ho 55 underskrifter digitalt, og ho kan ikkje anna enn å vera fornøgd med resultatet.
— Tenk at så mange tek eit standpunkt, og viser at dei støttar eit foreldreopprør mot legalisering av hasj og marihuana. Det er flott, seier ho.
Brev til statsråden
I 2011 var første gong den engasjerte kvinna på Bjoa let høyra frå seg. Då sette ho seg blant anna ned på Etnemarknaden og samla inn 1.700 underskrifter med krav om nei til legalisering av hasj og marihuana og gratis heroin.
— Underskriftene blei sendt inn til dåverande helse- og sosialminister, Anne-Grete Strøm Erichsen. Eg fekk eit fint brev frå departementet der dei takka for engasjementet og lova å la underskriftene telja med når stortingsmeldinga om rus skulle vedtakast.
Nå er ho på´an igjen med ny aksjon, både på nettstaden underskrift.no, der det er mogeleg å signera digitalt, og med underskriftslister rundt på bygdene, og med bøsser. Det kostar å driva aksjonar.
Liberale
«Folkeaksjon – mot narkotikapolitikk og haldningar på ville vegar», er aksjonen «for oss som er glade i våre born og barnebarn».
— Det handlar om sjølve livet, seier Brekke.
Mange meiner at det er mykje som bør gjerast og støttar ho. Bjoakvinna er ein av få som gjer noko med det.
Ho valde å starta foreldreopprøret då AUF Bergen på årsmøtet sitt nyleg valte å støtta forslaget til Unge Venstre, Unge Høgre og FrpU om å legalisera hasj/marihuana. Aksjonen er spesielt retta mot politikarar som er for å legalisera enkelte narkotiske stoff, men også foreldre, lærarar og idol med liberalt syn på narkotikapolitikken er adressatar.
etterlyser fleire foreldre på banen
— Sjokkerande
— Blant det sjokkerande er å sjå at staten ved Helsedirektoratet har gitt éin million kroner til lagaliseringsrørsla ved Foreningen for human narkotikapolitikk.
Eg blir frustrert og sint når eg opplever at det er greitt å spreia denne type destruktive og farlege haldningar til ungdommar i ein naiv alder. Denne utviklinga må stansast. Samstundes blir eg lei meg når dei mange som meiner det same som meg, er alt for stille.
Ho jobbar lokalt og relativt einsamt, men prøver å skapa ei nasjonal rørsle. Via nettet håpar ho etter kvart å få mange fleire underskrifter enn dei få ho har fått til nå, og helst fleire aktive med på laget.
Etterlyser
— Eg etterlyser fleire foreldre på banen, også lokalt.
48-åringen skriv og syng eigne viser om temaet; blant anna «Nasjonal sorg» og kampsongen «Trø til». Ho har fleire planar framover.
— 20. mars har eg eit arrangement på Bjoa helsehus. Eg har nå eit samarbeid med leiarane i barnearbeidet på Bjoa der me øver til arrangementet med flinke, songglade born. Då blir det kafé, underhaldning med blant anna barnekor, kanskje endå fleire lokale artistar og basar til inntekt for aksjonen, seier den engasjerte Anne Lise Brekke.