Nils Kjetil Eikemo (frå venstre) og Geir Arne Eikemo blei overraska då  Hans Olav Tungesvik i går overrekte pengegåva frå private givarar. Foto: Privat
Nils Kjetil Eikemo (frå venstre) og Geir Arne Eikemo blei overraska då Hans Olav Tungesvik i går overrekte pengegåva frå private givarar. Foto: Privat

Fekk nesten 100.000 kroner

Bebuarane på Eikemo mista nesten munn og mæle då dei vart overrekt nærmare 100.000 kroner etter kronerulling for ny båt til grenda.

Onsdag føremiddag tok Nils Kjetil og Geir Arne Eikemo imot pengegåva frå iniatiativtakar Hans Olav Tungesvik. På sjekken stod det svart på kvitt at grenda får 94.500 kroner frå sjenerøse givarar.

Solidaritetshandling

Pengeinnsamlinga kom i gang etter at skyssbåten til Nils-Kjetil Eikemo sokk i Åkrafjorden under storm på tampen av fjoråret. Båten har vore livsnerva til grenda, og Tungesvik var raskt ute og lanserte pengerulling som hjelp til grenda. Båten var forsikra, men pengegåva skal dekke kostnadene som dukkar opp og ikkje blir dekt av forsikringa.

Givarane har vore mange, men det er éin som skil seg ekstra ut i flokken, fortel Tungesvik.

— Ein mann frå Sauda, som vil vere anonym, har gitt fleire titusenar åleine. Det synest eg er fantastisk! Det er heilt utruleg at me har klart å samle inn så mykje pengar. Hadde me fått inn halvparten, hadde eg også vore strålande fornøgd, seier han.

Hjelper på

Pengeinnsamlinga skulle eigentleg berre vare ut januar, men på grunn av pengane strøymde inn mot slutten kjem ikkje kontoen til å bli stengt med det første.

Nils Kjetil Eikemo er svært overraska over kor mange pengar som kom inn gjennom innsamlinga.

— Det er utruleg flott! Dette kjem til å hjelpe godt på når me skal investera i ny båt. Hjarteleg tusen takk til alle som har stått på for oss, seier Eikemo, som førebels ikkje veit kor mykje ein ny båt kjem til å kosta. Han håper på kommunen også snart kjem med eit økonomisk bidrag til ny båt.