Det har vore trafikkuhell på E134 både i Skjold og på Knapphus i ettermiddag på svært glatt føre. Klokka 16.04 fekk politiet melding om at ein personbil køyrde av vegen mellom Skjold og Hodnafjellet.
Det var materielle skadar på bilen, men ingen persomskade, melder operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Klokka 16.47 vart det meldt om ei ny ulukke på Knapphus der tre bilar var involverte, og fire personar vart frakta til Haugesund sjukehus for vidare sjekk.
Ein bil kom over i feil køyrebane, sneia i ein bil og frontkolliderte med den neste. Det var i den siste møtande bilen fire vart sende til sjukehus, men dei var ifølgje politiet tilsynelatande utan alvorlege skadar.
Det var kø under oppryddinga, og rett etter klokka 18.00 vart E134 på Knapphus opna for vanleg trafikk.