Ein mann i 20-årsalderen blei frakta til Haugesund sjukehus i ambulanse etter ei trafikkulykke på E134 i Ølen sentrum laurdag ettermiddag.
Politiet melder at personbilen kom opp mot europavegen frå sentrum. Føraren mista kontrollen idet han skulle inn på hovudvegen.
Resultatet var at bilen køyrde over autovernet og hamna nede i ei skråning.
Sjåføren var åleine i bilen. Det er mistake om promille, opplyser operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.